FAST SPALTIST: Solfrid Bratland-Sanda er fast spaltist i Bø blad - Lokalavis for Midt-Telemark.
FAST SPALTIST: Solfrid Bratland-Sanda er fast spaltist i Bø blad - Lokalavis for Midt-Telemark.

Fellesskapets ABC: Det er rett og slett god helse i å vere med på dugnad

Solfrid Bratland-Sanda er professor i idrett på USN, politifrue og MTT (mor til tre). Telemarking med hjarte for fysisk aktivitet, forsking, formidling og folkedrakter. Kjem frå Bratland-slekta i Vinje, der songstemma er skeivt fordela og dei som ikkje kan synge saumar bunad.

Publisert Sist oppdatert

Juni. For oss på universitetet ein hektisk månad med sensur og vitnemålsskriving, for andre starten på sommarens kinderegg: EM i herrefotball, Tour de France og OL i Paris. Atter andre assosierer juni med rigging, velkomst av lag og korps frå fjern og nær, nattevakter på skulen, parkeringsvakter ved Telemarkshallen, matservering i Gullbringhallen og glade ungar som skal teste skliene i Sommarland mellom kampar og konsertar. Har du ungar i fotballen, handballen og i korps, ja, då er du ikkje arbeidsledig i junihelgene. Mange har lagt ned utallige timar i desse arrangementa, og stend på for fellesskapet sjølv om eigne born for lengst er vaksne. Det er lett å klage over kor slitsomt dette er når dugnadslistene tikker inn på Spond, men det er faktisk ikkje meir synd på oss enn på andre. Tvert om, har me helse til å bidra med våre ressursar på dugnad, er me heldigare enn me er klar over!

Kjære lesar!

For å fortsette må du ha eit abonnement og vere innlogga.

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS