FAST SPALTIST: Otto Christian Dahl er fast spaltist i Bø blad.
Privat
– Jula handlar om å møte kvarandre med varme, venleik og kjærleik
Otto Christian Dahl er båteigar, kulturvitar og far til tre. Busett i Breisås med dagleg virke for kommunesektoren i heile landet gjennom KS. Opphavleg frå Stavanger, men fødd på Madagaskar. Togpendlar, nynnar og fritenkar.
Kor mange bilar kjem vi til å sjå i år, tru? Det er fyrste joledag tidleg på morgonen. Det er på åttitalet i Stavanger. Vi skal på frukost hos mormor. Det er ein rar tradisjon, men slik har det vore i heile oppveksten min. Fyrste joledag er det frukost hos mormor klokka ni om morgonen. Det er tidleg det. Vi køyrer gjennom byen. Det er heilt stille og tomt i gatene. Som om vi var åleine i heile byen. Far min køyrer over den gule linja og legg seg på feil side av vegen. Køyrer på venstre side av rundkøyringa. Mor mi synest det er dumt gjort. Vi ungane ler.