Fast spaltist i Bø blad, Oddmund Søgnen.
Sunniva Langås-Røiland
– Korleis kom me eigentleg fram til dei verdiane me har i dag?
Oddmund er ein 15 år gamal gut som går på Bø ungdomsskule. Han har heile sitt liv vore nysgjerrig og interessert i å lære nye ting. Han har vore innom nesten alt som er av fritidsaktivitetar, men har endt opp med ein lidenskap for uthaldenheitsidrettane langrenn og sykling.
Alle har vore i situasjonar der vi har måtte velje mellom “rett” og “galt”, og heilt frå vi var små har vi vore fortalt kva som er moralsk riktig å gjere. Men korleis kom vi eigentleg fram til dei etiske verdiane vi har i dag. I denne teksten skal eg sjå på dei tre hovudteoriane som tar sikte på å forklare kvifor vi menneske har moral.