FAST SPALTIST: Otto Christian Dahl er fast spaltist i Bø blad.
Privat
– Korleis skal det bli når det blir for tøft å vere folkevald?
Otto Christian Dahl er båteigar, kulturvitar og far til tre. Busett i Breisås med dagleg virke for kommunesektoren i heile landet gjennom KS. Opphavleg frå Stavanger, men fødd på Madagaskar. Togpendlar, nynnar og fritenkar.
Noko av det mest kjedelege eg veit er å sitje i kø i bilen. Det er noko av det mest meiningslause som finnast. Ikkje kjem eg fram dit eg skal. Ikkje kan eg gjere noko anna. Å stå i kø saman med andre menneske som det går an å slå av ein prat med derimot, det er moro. Då kan vi snakke om vêret, straumprisar og kan hende litt om politikk. Eg må berre styre unna fotball, for det har eg ikkje greie på. Det einaste eg kan finne på å seie då er at det er for lite fotball på tv. Det er dei fleste som er opptekne av fotball einige i. Så då skårar eg eit fotballpoeng som eg tar med meg til neste samtaletema som er politikk. Der kan eg skåre fleire poeng, trur eg.