Ellen Hageman:
M
Koronatankar
Fleire stemmer skal inn i Bø blad. Derfor har me også i 2020 bedt fire gjesteskribentar om å sjå fritt på lokalsamfunnet. Alle har røter i Bø og Sauherad, tre bur her og ein ser bygdene utanfrå. Ellen Hageman er skribent og teolog, busett på Gvarv med utsikt til Lifjell.
Har du sett dei animasjonane av korleis koronasmitte spreier seg i befolkninga, utforma som små prikkar som dultar borti kvarandre og endrar farge? Dei er eit godt bilete på kvifor det er avgjerande å halde avstand, halde seg heime om du kan og vaske hender. Men dei er òg eit godt bilete på kva som skjer i min (og sannsynlegvis ein god del andre sine) hjerne for tida. Tankane kjem og går, dultar borti kvarandre, tar nye uventa vegar og breier seg utover utan at eg klarar å halde dei fast i meir enn eit augneblink om gongen. Det kjem også til å prege denne teksten.