FAST SPALTIST: Otto Christian Dahl skriv fast i Bø blad.
Privat
– Med orda mine og framferda mi kan eg lyfte opp eller dytte ned
Otto Christian Dahl er båteigar, kulturvitar og far til tre. Busett i Breisås med dagleg virke for kommunesektoren i heile landet gjennom KS. Opphavleg frå Stavanger, men fødd på Madagaskar. Togpendlar, nynnar og fritenkar.
Kva vil du ha? Servitøren har blokka i den eine handa. I den andre har ho ein kulepenn. Ho vekslar mellom å sjå på meg og forbi meg. Som om ho festar blikket på noko langt vekk. På andre sida av byen. Ho tenkjer på noko heilt anna. Ho bryr seg ikkje så mykje om kva eg eigentleg vil ha. Ho festar blikket tilbake på meg. Så, kva blir det til? Eg kan kome tilbake litt seinare. Ho set opp eit spørjande og litt irritert andlet. Eg blir litt stressa. Som om ho sa du må bestemme deg no, for eg har ikkje all verdas tid. Men ho berre snur seg og går. Eg har ferie og god tid. Resten av familien snusar rundt i byen. Eg skulle sitje her og kose meg litt åleine til dei var nøgd med sitt. Det er rart korleis ein kan kjenne på at ein plutseleg er til bry.