FAST SPALTIST: Solfrid Bratland-Sanda er fast spaltist i Bø blad - Lokalavis for Midt-Telemark.
Hilde Eika Nesje
(Sjølv)plagiering til pest og plage
Solfrid Bratland-Sanda er professor i idrett på USN, politifrue og MTT (mor til tre). Telemarking med hjarte for fysisk aktivitet, forsking, formidling og folkedrakter. Kjem frå Bratland-slekta i Vinje, der songstemma er skeivt fordela og dei som ikkje kan synge saumar bunad.
«Du som veileder masterstudenter, er disse reglene for plagiat i oppgaver egentlig så vanskelig å skjønne?» spurde mor mi, den pensjonera læraren, for nokre veker sidan. Dei to statsrådene Borch og Kjerkol hadde akkurat fått masteroppgåvene sine saumfara med lupe av journalistar. Den eine tok konsekvensen og den andre tok kampen. Politikarane har vedteke lovverk som slår hardt ned på plagiering av både seg sjølv og andre, og dette rammer mange studentar kvart semester. Det som starta heile plagiatjakta var at minister for høgare utdanning og forsking anka inn ei sak om sjølvplagiering i ei studentoppgåve til høgsterett. Studentane syntes ikkje noko om at politikarane sette seg sjølve over regelverket, og tok plagiatkontrollen i eigne hender.