Sigrid Aksnes Stykket er fast spaltist i Bø blad.
Gro B. Røiland
Slekt skal følge slekters gang
Sigrid Aksnes Stykket er pensjonist, aktivitetskontakt nokre timar i veka, underviser litt av og til på vaksenopplæringa eller USN, skriv av og til, går litt på besøk til folk som er eldre og klokare enn seg, tenkjer tilbake og tenkjer fram, og er litt her og nå. Når korona tillét det, går ho gjerne på møte og gudstenester. Da reiser ho også gjerne litt, mest innanlands. Ho bur i Eikjabygda, og har kjøpt leilighet i Bøgata.
Eg må starte med å be om orsaking for slurvefeil i overskrifta førre gongen, der eg skreiv «The Times They Are A-Changing», medan Changin’ var Bob Dylans skrivemåte i 1964, utan -g. Moro at nokon les det eg skriv såpass nøye at dei bryr seg med å gje tilbakemelding for feil. Takk! Eg tenkte bare å illustrere at tider og skikkar skifter, og kunne for så vidt brukt eit anna sitat, til dømes at «ein skigard kan’kje vara evig, veit du», men så er det kanskje andre Bø blad-skribentar som veit meir om nettopp det sitatet enn eg gjer igjen. Så i dag har eg funne eit salmesitat av dansken B. S. Ingemann for å illustrere at ja, tidene skifter, men kanskje det nye ikkje alltid er så nytt og framandt.