Fast spaltist i Bø blad, Oddmund Søgnen.
Privat
– Uansett kor bra me har det, blir visst ikkje me menneske nøgde
Oddmund er 16 år gammal og har heile sitt liv vore nysgjerrig og interessert i å lære nye ting. Han har vore innom nesten alt som er av fritidsaktivitetar, men har endt opp med ein lidenskap for uthaldenheitsidrettane langrenn og sykling.
Dei siste åra har det vore ein stor oppsving i utflytting blant norske rikingar. Hovudårsaka til dette er dei høge skattane i Noreg, og dei flyttar difor ofte til land som Sveits der skatten er betydeleg lågare. Men kvifor ynskjer desse menneska som har nærast uavgrensa med pengar, meir? I denne teksten skal eg ta føre meg det faktum at vi menneske, nesten uansett kor bra ting blir, aldri blir nøgde.