14-åring slo alle i vinterløp
Løpstalentet Oddmund Søgnen (14) frå Skarphedin friidrett sprang først i mål i det første løpet under Telemark vinterkarusell. Løpet gjekk i Bø laurdag.
Laurdag var det klart for det første løpet i det svært tradisjonsrike løpet Telemark Vinterkarusell. Med start og mål på gangvegen ved Studentkroa langs Lundevegen gjekk løpet over 5 kilometer. Deltakinga var god, med 33 startande.