TREKTE SEG SJØLV: Åbjørn Erlendson Storsveen (6) bur i Liheia. Han trekte sitt eige vinnarlodd opp av hatten og blei svært overraska og glad.
Øystein Akselberg
Åbjørn trekte sitt eige vinnarlodd
Trimsesongen er over for dei som sankar poeng. Det betyr premiering og pølser i hopetal.
Tysdag kveld var det pølsefest i Evjudalen da ein tiåring markerte sesongslutt. Arrangørane frå Gullbring kulturhus og kommunens kulturkontor, med Sindre Flø og Tom Erik Benjaminsen i spissen, troppa opp for å markere at den populære Gulltrimmen er over for i år og for å premiere deltakarane..