OVERRASKA: Leiar i Midt-Telemark Arbeiderparti Karin Hagen og ordførar Siri Blichfeldt Dyrland hadde ei overrasking på lur til Augon Eika torsdag kveld.
Gro B. Røiland
Augon fekk hakeslepp i møte med Siri, Karin og eit sekssifra tal
Augon Eika i Midt-Telemark idrettsråd ante ikkje kva han gjekk til da han torsdag måtte møte i kommunehuset. Der venta ordførar, leiar i Midt-Telemark Arbeiderparti og over ein halv million kroner.
Torsdag blei det kjent at regjeringa gir idretten i Noreg 125 millioner kroner ekstra frå spelemidlar til å få deltakinga i idretten opp og prisane ned.