Keepertalent gjer det bra i Lyon
Denne veka er den unge bøkeeparen Una Langkås hos fotballaget Olympique Lyonnais i Frankrike for å prøvespele. Trenaren melder om at ho gjer ein god figur.
Olympique Lyonnais er laget som den kjente fotballprofilen Ada Hegerberg spelar på. Una Langkås frå Bø har denne veka fått sjansen til å gjeste klubben. Ho går nå på toppidrettsgymnaset i Bærum og spelar der for klubben ØHIL. Trenar for keeperteamet i bærumsklubben, Gisle Olstad, følgjer Una til Lyon, og fortel at ho gjer det bra.