Klare for skifestival igjen: Reknar med hundrevis av folk på fjellet
Entusiastane i Høllènn idrettslag trår igjen til med skifestival på Hollane seter i påska. Det blir hopprenn, underhaldning og mykje moro.
Det er femte gongen at arrangør Høllènn IL arrangerer skifestival i påska. Den har vore stoppa av korona to gonger, og blei halde på Jønnbu i fjor på grunn av dårlege snøforhold i fjellet. Laurdag 1. april er Hollane seter igjen arena for Hollane skifestival.