Midt-Telemark har fått ein ny noregsmeister
Laurdag var det NM i bryting for 12- og 15-åringar i Kristiansand. I klassen 12 år vart ei ung jente frå Midt-Telemark gullvinnar.
Elida Hoem Svela er ti år, men har alt drive med bryting i fire år. Ho er med i Snøgg Bryting på Notodden. Sist laurdag henta ho altså heim gull og NM-tittelen i klassen 12 år. Far hennar, Bjørn André Svela, forklarar at det ikkje var nokon konkurrentar i hennar vektklasse og at ho derfor måtte opp ei vektklasse. Han forklarar at det handlar meir om vektklasse enn alder i bryting.