HEVDAR SEG: Skiskyttar Sander Steen har gjort sine saker svært bra på golfbanen i sommar.

Nå treff Sander blink på ein annan bane

Midt-Telemark sitt unge skiskyttartalent, Sander Steen (15), er blitt så god i golf at han snart får eit vanskeleg val mellom børse og kølle.

Publisert

Bø blad har fleire gonger skrive om ungguten frå Bø og Gvarv som har gjort det svært bra i skiskyting. Han går for Bø skiskyttarlag.

No har skiskyttartalentet vist at han også har andre talent. Han har nemleg gjort seg sterkt bemerka på golfbanen.

Sander Steen (15) går i 10. klasse og står komande år framfor eit val om vidaregåande skule, eit val som også kan hengje saman med kva for idrett han tenkjer å satse på.

Talent på fleire arenaer

I sommar har Sander teke tredjeplass i Austlandsmeisterskapen i rulleskiskyting i klasse G16. På Blinkfestivalen i Sandnes følgde han opp med tredjeplass i kvalifisering og 6. plass i finalen for gutar 15-16 år.

Golf har han spelt aktivt sidan han var elleve år.

– I år har det gått så bra med golfen at eg er faktisk litt usikker på kva idrett eg skal satse på, seier Sander til Bø blad.

Sander representerer Norsjø Golfklubb og har delteke på turneringa Junior Tour på baner i austlandsområdet denne sesongen. Da turneringa gjesta Bamble Golfklubb tok Sander sin første siger i denne turneringa. Han slutta av med pluss tre slag over banens par, som er svært bra.

TALENT: Sander Steen går for Bø skiskyttarlag og er eit ungt talent på skiskyttararenaen.

Med god innsats i denne junior-touren klarte han å kvalifisere seg til «Srixon tour» på Nøtterøy golfklubb i månadskiftet august-september. Her er det berre landets beste av juniorane som får delta.

– Eg spelte ikkje særleg bra og hamna som nummer 21 av 65, seier Sander.

Sist søndag var det klart for siste runde av Junior Tour i region sør i Sandefjord.

– Sander i storform, skreiv Norsjø Golfpark på sine heimesider etter turneringa.

Sander var nemleg i ein klasse for seg sjølv denne søndagen.

– Sander vann runden med eit resultat dei fleste sperra augo opp for. Han gjekk banen i Sandefjord to slag under par og vann gutar 13-15 år med åtte slags margin til nest beste spelar. Det kallast utklassing, skriv golfklubben.

– Det blei årets beste runde. Det er eg veldig nøgd med, sjølv om eg heller skulle vist slikt spel i «Srixon tour», seier han med eit smil.

Til helga er det klart for finalecup på Norsjø golfbane før han legg vekk golfkøllene og finn fram børse og ski.

Tek valet seinare

– Komande sesong er det store målet hovudlandsrennet i skiskyting. I tillegg har eg lyst å bli teke ut til «Young Star» som er NRK sin konkurranse der dei 30 beste 15-16-åringane i landet får plass, seier Sander.

Han ser for seg minst tre alternativ når det gjeld val av vidaregåande skule neste år. Bø vidaregåande skule er eitt, medan både golf og skiskyting har spesialskular om han skulle velje det. Da handlar det om toppidrett på Wang, Geilo eller Lillehammer, alt etter kva ein satsar på.

– Det er vanskeleg å satse på begge idrettane. Da blir det berre litt halvvegs, seier Sander.

Så får tida vise om det blir skiskyting eller golf. 

SKISKYTTAREN: Sander Steen (15) har blitt lagt merkje til på golfbaner på austlandet i år
Powered by Labrador CMS