BEDRIFTSNETTVERK: Bak f.v. konsulent Lars Wraae Jensen, Marianne Dale (Visit Bø), Bård Sannerholt (Lunde handelsforening), José Bakker (Sentrumsringen i Bø), Erling Skoe (Lunde handelsforening) og Ottar Langåsdalen (Bø hotell). Framme f.v. Lars Peters (First Camp Lunde), Silje Kaasa Solberg (Beverøya camping), Ingeborg Lindheim (Lindheim Ølkompani) og prosjektleiar Anders Wassgren.
Øystein Akselberg
Nytt steg for stisykling i Midt-Telemark: – 2025 blir eit viktig år
Elleve lokale bedrifter og organisasjonar har etablert eit bedriftsnettverk for å utvikle stisykling i Midt-Telemark og Nome. 2025 blir eit viktig år for prosjektet.
Bedriftsnettverket som hadde oppstartsmøte på Hellandtunet denne veka
tel både enkeltbedrifter og organisasjonar, blant anna Visit Bø, Sentrumsringen
i Bø og Lunde handelsforening. Gjennom desse står over hundre bedrifter og
organisasjonar bak arbeidet gjennom Midt-Telemark Stisykling AS.