Populær fotballdag: Haaland og Aarnes i kø for å skåre
Over 100 barn møttest til leik og moro med ball på Nordagutu laurdag. Nokon hadde trøye med Haaland og Ronaldo på ryggen, andre med Aarnes og Sauherad Rocks.
Laurdag var det tid for den årlege rekrutteringsdagen til Sauherad IL fotball, og igjen var det over 100 påmelde barn i alderen 6 til 12 år. Dagen baud på ulike øvingar med ball, cupspel, pizza, frukt og alt var gratis.