ER TRENAR: – Eg ser at frivilligheit er viktig for fotballen, og idrett generelt, seier Tobias Birkedal, idrettsstudent ved Universitetet i Søraust-Noreg.
Unni Buverud
Tobias er fotballtrenar: – Det er viktig å sjå det frivillige arbeidet
– Sjølv om trenarjobben hjå Skarphedin er ein obligatorisk del av idrettstudiet, merkar eg kor viktig frivillig arbeid er, seier Tobias Birkedal (22), student ved USN i Bø.
Tobias Birkedal går siste semester av eit treårig idrettsstudium, og er i gang med bacheloroppgåve om motivasjon hjå ungdomane i fotballen, og kva for faktorar som skal til for motivasjon.