ARRANGØRAR: Fredrik Benjaminsen og Ann-Katrin Gulliksen frå Foreningen et bilmiljø for alle stod i spissen for årets Kolonnekjøring Telemark. FOTO: Gro B. Røiland
RUTA: T-skjorter og klistremerke viste ruta for Kolonnekjøring Telemark 2022. Klistremerke blei selt til inntekt for forsking på autoimmune sjukdomar. FOTO: Gro B. Røiland
BØ SENTRUM: Tett med bilar og folk. FOTO: Gro B. Røiland
FEST: Mange tok seg ein fest i bilane laurdag kveld, slik som denne blide karen. FOTO: Gro B. Røiland
DEMPE MUSIKK: Politiet stod på Bø stasjon, og fleire bilistar blei bedne om å dempe musikken. FOTO: Gro B. Røiland
JESUS-MANNEN: Jesus for alle, står det på jakkeryggen til Oddvar Bakken frå Heddal. Han var laurdag kveld rundt sentrum og prata med rånarane. – Ein må strekke ut ei hand. Det er så mange flotte ungdomar, seier Bakken. FOTO: Gro B. Røiland

Eit par hundre bilar deltok i kolonnekøyring: – Naturleg å ende i Bø

Bø var det naturlege målet for «Kolonnekjøring Telemark 2022». Det meiner Ann-Katrin Gulliksen og Fredrik Benjaminsen i den grenlandsbaserte Foreningen et bilmiljø for alle.

Publisert Sist oppdatert

Det er sjette året på rad foreininga arrangerer kolonnekøyring, der rånarar og andre bilinteresserte køyrer i samla kolonne. Turen gjekk gjennom to fylke, med start i Skien, vidare til Hvittingfoss i Viken, deretter over Meheia til Notodden, vidare til Sauland og Seljord før turen enda i Bø. Bilane kom inn til Bø sentrum i 20.30-tida laurdag kveld.

Kjære lesar!

For å fortsette må du ha eit abonnement og vere innlogga.

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS