MARKERING: Støttemarkering for Ukraina i Midt-Telemark den 24. februar 2023.
Arkivfoto
Kommunen har fått 104 millionar til flyktningar
Midt-Telemark kommune har teke imot litt fleire flyktningar enn Nome om ein ser det i forhold til folketalet, men færre enn Seljord.
Dei fleste meinte at me måtte stille opp og hjelpe då Ukraina vart angripen av Russland torsdag 24. februar 2022. Formannskapet i Midt-Telemark hadde møte alt søndagen etter og sa ja til å ta imot flyktningar og stille opp med humanitær bistand.