SENTRUMSSTØY: Sentrumsbebuarar har utfordra lokale myndigheiter til å gjere noko konkret med støyproblematikken i Bø sentrum.
Øystein Akselberg
Fleirtalet meiner det er gjort for lite for å slå ned på støy i sentrum
Har politikarane gjort nok, eller bør dei gjere meir for å slå ned på støyen i Bø sentrum? Det har Bø blad spurt innbyggjarane i Midt-Telemark om.
Politikarane i Midt-Telemark skal ikkje vere så skråsikre på at veljarane meiner at dei har gjort god nok jobb for å få bukt med støyproblematikken i Bø sentrum. Ei meiningsmåling utført av Norfakta markedsanalyse på vegner av Bø blad 29. og 30. august viser at så mange som 42 prosent av dei spurde meiner at det kunne vore gjort meir for å slå ned på støyen i sentrum.