EIT ELDORADO: – Årnesbukta naturreservat er eit eldorado for fuglar. Her ei ein kakofoni av kvitter og song, særleg på morgonkvisten, seier Espen Lydersen.
Unni Buverud
Folk er mest redde for å miste fuglekvitter – men her er det sjeldan stille
Fuglekvitter toppar lista over naturlydar me er mest redd for å miste, viser ei undersøking. Men på denne plassen er det lite truleg at fuglesongen vil stilne.
WWF, Den norske turistforening og Norsk Friluftsliv har undersøkt kva for naturopplevingar folk er mest redd for å miste. Heile 16 000 nordmenn har svart på undersøkinga.