F
På flukt frå pandemien
Trond Lepperød har røtene sine i båe delar av nå fusjonerte Vestfold og Telemark, bur like sør for Sinsenkrysset med kone og barn og arbeider som journalist i Nettavisen. Karriera byrja i det som då var oppstartselskapet Bø Blad i 1986.
Sosial distansering, karantene, desinfeksjon, munnbind, heimekontor, heimeskule. I 2020 har vi måtte lære oss å leva med pandemien. Det beste avbrekket, spør du meg, har vore naturen. Ein dag i oktober svinga vi av frå Vatnarvegen og køyrde innover i Årmotdalen. Det var ei helg då fjellet gjorde klart for sceneskifte. Varme haustfargar bleikna sakte.