Ein draum blei oppfylt i Bø kyrkje på palmesundag
Urframføringa av «Pascha Iuvenalis» i Bø kyrkje palmesundag innfridde til tusen. – Dette var oppfylling av ein draum, sa ein glad tekstforfattar Arve Brunvoll etter konserten.
To år på overtid kunne endeleg påskeverket urframførast i Bø kyrkje, som var fylt til siste benkerad. Da Ung kirkesang lyste ut bestillingsverk til interesserte i Noreg, kasta Korskulen i Bø, med Grete Hasselgård Sele og Rolf Axelsen Lie seg frampå og takka ja. Sundag viste dei at dei var oppgåva verdig.