G
Starta som husmannsplass, men så vart eigedomen sjølvstendig
Hellekås, gnr. 9, bnr. 37, ligg på ei høgde vest for Hellebekk i grenseområdet mellom Folkestadområdet og Eikaområdet. Hellekås vart husmannsplass under Nedre Folkestad ein gong på 1700-talet, truleg før 1750. Seinare høyrde plassen til Oppistugu Folkestad. I 1838 vart plassen gjort om til sjølvstendig eigedom, då bonden på Oppistugu selde Hellekås til broren sin. Hellekås gjekk så i arv til neste generasjon i 1862. Men denne familien flytta ut av bygda på 1870-talet, og det kom ein ny eigar til Hellekås. Han dreiv m.a. butikk der, men det gjekk ikkje bra, han kom i økonomiske vanskar. Difor selde han etter nokre år den vesle garden til Halvor Hansson. Med det kom dagens slekt til Hellekås.