Ein songelev blei plutseleg til tre
Ein flott gjeng unge frå sommarkurset UngFolk viste seg fram i Framstugo i Gullbring i går. Erica frå Hørte og Mari frå Breisås i Bø bytta kurs og blei songelevar undervegs.
Over tjue barn og unge har denne veka delteke på sommarkurset UngFolk under Telemarkfestivalen. Fredag kveld, som oppvarming til opningskonserten, hadde kursdeltakarane og lærarane ei timeslang framsyning og viste fram noko av det dei hadde jobba med og lært.