BLIR IKKJE BILLEGARE Å FLYTTE: Biblioteksjef Ingvild Elvestad Tørre må truleg vente nokre år med å flytte inn i nytt bibliotek.
Gro B. Røiland, arkivfoto
Politikarane har bestemt flytting: Ingvild må truleg vente nokre år før det skjer
Kommunestyret har bestemt at biblioteket i Bø skal flytte til Gullbring. Kommunedirektøren seier ok, men ikkje på fleire år ennå.
Kommunestyret bestemte i mars 2021 at folkebiblioteket skal flytte frå dagens lokale i Bøgata 69 til Gullbring kulturhus. Som eit tiltak i kommunen si store innsparingspakke jobbar kommunen med å flytte kommunale verksemder frå leigde til eigne lokale. Som ein del av denne strategien er flytting av biblioteket også eit tiltak.