VINNAR: Fotokonkurranse med dyr i naturen som tema. Bø Turlag har arrangert ein fotokonkurranse i sommar. Møte mellom turgåarar og beitedyr var tema. Synne Blomquist i turlaget opplyser at bakgrunnen er at det kan vere konflikt, spesielt dersom ikkje bandtvangen blir respektert. Turlaget ønskjer beitedyr på Lifjell fordi dei er med på å oppretthalde det opne fjellandskapet. Vinnar av konkurransen vart Simon Jeppesen med bildet «To sauer på Skrubbelinuten». I juryen sat Arne W. Hjeltnes frå Bø turlag og Eirik Idland Knatterud frå Bø beitelag. FOTO: Simon Jeppesen FOTO: Simon Jeppesen MOLTETID: Ein herleg nisterast ved Langetjønn på Lifjell 1. august. FOTO: Gerd Skoland FOTO: Gerd Skoland HERLEG PÅ LEIR: Leirlivet blomstrar etter Korona. Her ser me 32 barn på Oksøya. Heile gjengen har vore på sommaraction saman med 50 andre barn frå resten av Telemark. Tidlegare i sommar var Bø representert med 20 vaksne og barn på besteforeldre- og barnebarnleir deR også. Perla i Eidangerfjorden har verkeleg vakna til liv att etter Korona. FOTO: Kristin Digranes Bøen FOTO: Kristin Digranes Bøen KORSONG: Ei veke i starten av august var det korsommarskule for 45 barn, 33 juniorleiarar og 33 ungdomsleiarar i Kristiansand. Frå Bø var Ivar Tellnes, Eline Bjørnfeldt, Samuel A.Lie, Marie Vestgarden og Tone Anne Venås med. Sverre S. Reinboth kom som fløytistist litt ut i veka. Julie Meistad Gundersen, Astrid Smeland Sersland og Mathea Axelsen Lie var leiarar. På fredag hadde dei konsert kor de song alle saman og kvar for seg fordelt i jentekor, gutekor og leiarar. FOTO: Nils Hidle FOTO: Nils Hidle UTFLUKT: Lokallaga til Norges Blindeforbund i Midt-Telemark og Notodden har i sommar vore på tur til Vemork. Dei som deltok fekk høyre historia om det som ein gong var verdas største kraftstasjon, om bygging, maskinar, folk og andre verdskrig. I dramarommet blei det òg ei sanseleg oppleving med mykje lyd om sabotasjar og bombing. Eit besøk i tungtvasskjellaren som nyleg blei opna var det også tid til. FOTO: Terje Weber FOTO: Terje Weber DEILIGE AUGUST: Lifjell var ein fin plass å vere denne helga i august. Mange gjekk opp i høgda i det varme sommarvêret, og fleire var på telttur. Ein lesar fortel at det var heile seks telt i området ved Skåråfjellholmen. God temperatur lokka mange til fjells, og dei første turgåarane blei observert allereie i 7-tida mot Øysteinnatten. Dei siste var på veg nedover i skumringa. FOTO: Nina Fåne FOTO: Nina Fåne FLINKE UNGE SONGARAR: Erica Thorud-Gaarden (9) (f.v.), Hørte, Mari Schia Venås (10), Bø, Mari Sudgarden Lia (11), Seljord, og lærar Malin Røysland Skårberg (20), Tinn, har synge saman på kurset UngFolk under telemarkfestivalen. Her er dei etter fredagens framsyning i Gullbring. FOTO: Øystein Akselberg FOTO: Øystein Akselberg AMERIKANSK RAKETT: Eit lysobjekt bevega seg sakte på nattehimmelen over Bø natt til laurdag 13. august klokka 00.57. Objektet gjekk i vest-nord/vestleg-retning før det forsvann. Det skal ha vore ei Space X-oppskyting i California, USA, klokka 23.40 norsk tid. Det ein kunne sjå var truleg avgassar frå 2. trinnet til ein Falcon 9-rakett som transporterer satellitter som skal gå i bane rundt jorda. FOTO: Øystein Akselberg FOTO: Øystein Akselberg SPELTE PÅ ØYA: Trioen Han Gaiden spelte på konsertscena «Klubben» under årets Øyafestival i Tøyenparken. Bøjenta Ingrid Skåland Lia er ein av dei tre i bandet og spelte for eit stort publikum torsdag under festivalen. FOTO: Øystein Akselberg FOTO: Øystein Akselberg STUDENTMESSE: I august var det studiestart på Universitetet i Søraust-Noreg, og onsdag 17. august arrangerte fadderstyret studentmesse på plenen bak USN. På messa var det ulike studentrelaterte bedrifter som viste seg fram, og mange nye studentar kom innom. FOTO: José Bakker FOTO: José Bakker EIKJABYGDASTEMNE 2022: Det var folksamt og stor aktivitet rundt grendehuset i Eikjabygda sist laurdag. Det var lagt opp til mange morosame og artige aktivitetar for heile familien, med poeng, og fleire kåringar. Grilling avslutta fyrste økta, og på kvelden var det ny, sosial samling for dei vaksne. FOTO: Synnøve Sudbø Kleppe FOTO: Synnøve Sudbø Kleppe NYDELEGE FARGAR: Ein av lesarane våre var på sykkeltur ei helg i slutten av augsut, og på Leikvang på Hørte køyrte ho forbi denne vakre og fargerike åkeren. FOTO: Nina Fåne FOTO: Nina Fåne SKULESTART: Onsdag 17. august var det skulestart på barneskulane i kommunen vår. På Bø skule var det rektor Anlaug Aase Cowles som ønskte elevar og foreldre velkomen til eit nytt skuleår. Lærarane blei presentert og elevane gjekk deretter til dei nye klasseromma sine. FOTO: Josè Bakker FOTO: Josè Bakker VAKRE LIFJELL: Fin utsikt over Småholmen på tur opp til Jøronnatten på Lifjell den 7. juli i år. FOTO: Elin Josefsen FOTO: Elin Josefsen Sjå sommarbilda som lesarane i Midt-Telemark har delt med lokalavisa si I august har det vore mange små og store hendingar i Midt-Telemark. Fleire av desse augneblinka har lesarane våre delt med lokalavisa. Annonse Publisert laurdag 03. september 2022 - 18:00 Sist oppdatert laurdag 03. september 2022 - 18:00 Del på Facebook Del på Twitter Del på e-post Kjære lesar! Eksisterande abonnent? Logg inn her For å fortsette må du ha eit abonnement og vere innlogga. Har du ikkje abonnement? Bli abonnent Eksisterande abonnent? Logg inn her ✕ arkiv Del på Facebook Del på Twitter Del på e-post