Fleire lokale blei NM-vinnarar på Akkerhaugen
I helga var det NM i wakeboard og wakeskate i Norsjø kabelpark på Akkerhaugen. Heile sju lokale utøvarar stakk av med kvar sin noregsmeister-tittel.
Noregsmeisterskapen i kabelwakeboard blei arrangert i Norsjø kabelpark på Akkerhaugen. Det var oppstart fredag, og laurdag fortsette konkurransane i både wakeboard og wakeskate for fullt.