Inspirert av Rådebank: Oslofirma kom til Bø for å råne i gata
Laurdag var den første gruppa med råne-charterturistar i Bø. Eit Oslofirma med over 40 tilsette fekk seg ein tur på stripa i rånebuss og fem fine rånebilar.
«Foreninga færr motorinteresserte i Bø og omegn», med Morten Febakke i spissen, stod som vertskap for Oslo-selskapet Agens AS som var på firmatur i Bø laurdag. Rånedagen var del av ein tur på fleire dagar i Telemark.