PÅ VEG UT: Astrid Margrethe Søftestad stenger butikken 30. september.
Unni Buverud
Etter 20 år takkar Astrid for seg: – Det har vore ei vanskeleg avgjersle
– Etter 20 fantastiske år på Bøsenteret takkar eg for meg, seier Astrid Margrethe Søftestad.
Gullsmed Astrid Margrethe Søftestad slår fast at det ikkje ligg dramatikk bak opphøret av butikken. Det skuldast verken straumprisar eller dårleg økonomi. Ho føler rett og slett for å ha ein rolegare kvardag.