NYE ARGUMENT: Ordførar Siri Blichfeldt Dyrland kjem med nye argument til Telemarks-benken i arbeidet med å få bygd tømmerterminalen på Nordagutu.
Marta Kjøllesdal
Jobbar mot sentrale politikarar for å få tømmerterminalen på sporet igjen
Ordføraren i Midt-Telemark har diskutert ny tømmerterminal på Nordagutu med Telemarksbenken. Bane Nor «avspora» prosjektet i vår.
I juni 2021 fortalde ordførar Siri Blichfeldt Dyrland, Senterpartiet, at tømmerterminalen på Nordagutu var komen med i ein fleirtalsmerknad i innstillinga til Nasjonal transportplan. Det var då transport- og kommunikasjonskomiteen sende det viktige dokumentet vidare til Stortinget.