BEINTØFF: F.v. Tomine Espedalen (12), Kamilla Skree (12), Eivind Heggenes (12) og Sindre Saga (11) er med på gå-til-skulen-aksjonen Beintøff.
Anna Bugge
7. klassingane på Folkestad kjempar om 30 000 kroner
Dei neste vekene skal elevane på Folkestad skule registrere korleis dei kjem seg til skulen. Den klassa i Noreg som har reist mest miljøvenleg vinn 30 000 kroner.
Beintøff er Noregs største gå-til-skulen-aksjon, som får med seg over 50 000 elevar kvart år til å gå, sykle eller ta kollektivtransport til skulen.