I år er det rekordår og verksemda satsar for fullt – har investert 30 millionar
Telefrukt kan notere rekordår for både moreller og eple. Med ny supermoderne sorteringslinje og nytt langtidslager er epla i dei beste hender.
Det er høgsesong på Telefrukt for tida, og rundt 50 personar er i sving med å sortere, pakke og lagre frukt. Da Bø blad var innom var det full fart på Discovery-eple. Morellsesongen var over og plommene var varsla å kome berre ei knapp veke seinare.