Prosjektet er det første i Noreg – her blir planane for mikrohusfeltet presentert
14 mikrohus blir planlagd bygd i eit felt ved Trytetjønnvegen i Folkestadåsen. Småhusa skal leigast ut i ti månader til studentar og to månader til turistar. Det gjer prosjektet unikt i Noreg.
Utval for plan, teknikk og næring (PTN) var tysdag på synfaring i skogen ved Trytetjønnvegen i Folkestad. Utvalet med følgje blei geleida på ein liten sti eit lite stykke inn i skogen mellom Trytetjønnvegen og parkeringa til Bø Sommarland. Her venta representantar frå utbyggjar, arkitekt, hytteprodusent og planleggjarar med kaffi og bollar.