STORHANDEL: Ekteparet Torhild og Øyvind Solbakken frå Fevik nytta høvet til å fylle fleire posar med varer. Dei er faste gjester på eplefestmarknaden. FOTO: Unni Buverud
FLATBRØD: Ungguten Talleiv Haugarne viste kunsten å lage brau/flatbrød. FOTO: Unni Buverud
PINNEBRØD: Ungane kosa seg med pinnebrød i barnekroken, under leiing av elevar ved Sagavoll folkehøgskole.
EIN SMAKEBIT: Lars Einar Næs frå Telefrukt produsentlag baud på smakebitar av ulike epleslag. FOTO: Unni Buverud
NY SORT: Jorid Vale freistar Anne-Bjørg Haugan og Marianne Forberg frå Notodden med den nye eplesorten Sunrise. FOTO: Unni Buverud
PØLSER I FLENG: Pølser av mange slag låg på rekkje og rad. Mange ville ha ei smaksprøve. FOTO: Unni Buverud
FRÅ HJARTDAL: Nordbø gard og stule var på plass med eigne gardsprodukt også i år. FOTO: Unni Buverud
SELTE LODD: Poul Andersen frå Nes og Sauherad bygdetunlag freista med kakelotteri. FOTO: Unni Buverud
NYSTEIKT: Her var det sal av nysteikte munkar.
MATKØ: Det var lang kø ved boden med Thaimat. FOTO: Unni Buverud
HYLLEST: Her kunne du smake på, og kjøpe Hyllest i fleire smaksvariantar, laga i Bø. FOTO: Unni Buverud
BAKST: Hjå Anne Underberg kunne ein kjøpe kling og lefser. FOTO: Unni Buverud
SKÅLA I EPLEMOST: Mari Stavdal og Eivind Klevar skåla i eplemost frå Klevar gard. FOTO: Unni Buverud
PYNTETING: Her kunne ein mellom anna finne morosame figurar. FOTO: Unni Buverud
EPLESAL: Mange sikra seg fine eple frå Telefrukt. FOTO: Unni Buverud
GODLUKT: Astrid Hofsrud Roe kjøpte handlaga såpe med godlukt. FOTO: Unni Buverud
PRAT I SOLA: Bjørn Bø (t.v.) og Olav Midtbø tok seg ein prat og kvil på benken. FOTO: Unni Buverud
FOLKSAMT: Folk samlar seg på ulike arrangement i kommunen. No blir det enda fleire innbyggjarar i Midt-Telemark som kan treffast når det skjer noko. FOTO: Unni Buverud
EPLEGODT: Eirik og Sondre Langåsdalen frå Gvarv koste seg med sjokoladeeple. FOTO: Unni Buverud
DONUTS: Her blei det seld Donutskaker i alle variantar. FOTO: Unni Buverud
ANSKTSMÅLING: Gabija Sabunaite ville ha ansiktsmåing, og Alette Kristine Syvertsen frå Sagavoll Folkehøgskole måla ein fin kattepus. FOTO: Unni Buverud
– VELDIG BRA: Anders Høibø frå Lindheim på Gvarv er svært nøgd med marknadsdagen på eplefesten. FOTO: Unni Buverud
FARGERIKT: Her er eit fargerikt utval med graskar frå Norendal gard. Kjekt å ha til Halloween FOTO: Unni Buverud

Over 2000 fann vegen til årets eplefest – mange gjorde som Torhild og Øyvind

Med fulle posar og eit smil drog Torhild og Øyvind Solbakken heim, godt nøgde etter besøket på eplefestmarkaden på Gvarv. Også mange andre nytta dagen til ein god handel.

Publisert Sist oppdatert

Det blei ein strålande haustdag med liv og røre på marknadsplassen ved Gvarv stasjon. Eplefestsjef Mette Haugholt kunne glede seg over at årets eplefest blei ein suksess. Grovtellinga viser at over 2000 besøkande frå fjern og nær var innom i løpet av dagen.

Kjære lesar!

For å fortsette må du ha eit abonnement og vere innlogga.

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS