FEMTE OG SISTE: Halvor Ulvenes er ute med siste bok i serien basert på historiske artiklar frå Varden. Laurdag er det lansering og bokprat på Akademika.
Gro B. Røiland
Halvor har alltid jakta på den gode historien. Det har han tenkt å fortsetje med
Halvor Ulvenes er ute med siste bok i serien «Det hende i Telemark». Siste sak frå Halvor er ikkje skriven, for han jaktar alltid på den gode historien
Like sikkert som elgjakta og eplehausten, har journalist Halvor Ulvenes dei siste åra kome med ny bok. Den fyrste kom hausten 2018. Nå er den femte og siste i serien, utgitt på Halvor Kleppens Eldhuset forlag, ute for sal.