ARRANGEMENT: Bø museum opnar dørene att med arrangement i oktober.
Bø blad, arkivfoto
Oktober byr på open dag og forteljarkonsert på museet
Bø museum har to ulike aktivitetar på programmet i oktober. Det startar med open dag og held fram med forteljarkonsert.
Laurdag 1. oktober er det open dag på Bø museum. I utstillingsbygget kan ein denne dagen sjå dei faste utstillingane og sommarutstillinga «Skogsbruk og bruksskog». Ute er det natursti, og museet inviterer dei som har lyst til å prøve slipesteinen, som nyleg har blitt henta fram.