FLYTTAR ARKIV: Torstein Fosstveit fortel at Sauherad historielag nå får postadresse på Evju bygdetun.
Gro B. Røiland
Får fast postadresse på Evju som den naturlegaste plass i verda
Kvar elles skulle Sauherad Historielag ha si faste adresse enn på Evju?
Det har lenge vore godt samarbeid mellom historielaget og Evju Bygdetun. Kommunestyret i Sauherad gav i 2017 Stiftelsen Evju Bygdetun ansvar for oppfølging av Sauherad lokalhistoriske arkiv med etablering av ei arbeidsgruppe på fem personar, der Sauherad Historielag utnevner to medlemmer, kommunen eit medlem og arkivleiar styrer gruppa. Før nyttår 2022 blei arkivet flytta frå dei gamle banklokala på Gvarv til den nye kjellaren i Sjodarbygget på Evju. Her er det godt om plass til fleire nye arkiv.