Store og små koste seg på rallyritt: – Den artigaste oppgåva var å skifte tennpluggar
Mange deltok i Midt-Telemark Rallyritt, men syklistane glimra stort sett med sitt fråver. Eitt entusiastisk, ungt sykkellag stilte, og dei var strålande fornøgde både med ritt og premie.
Sykkellaget bestod av Markus, Adrian, Johannes, Tiril og Timian på 9 og 10 år. Dei var strålande fornøgde med dagen, ruta og oppgåvene på dei ulike postane.