Spesiell transport frå Nordagutu: Frakta tjøre til Heddal stavkyrkje i vikingbåt
Søndag la vikingbåten Saga Sæheimr ut frå Kullhusbrygga på Nordagutu. Om bord var ti roarar, ein skipper og lokalprodusert tjøre til Heddal stavkyrkje.
Guvihaug Vikinglag stod for den usedvanlege transporten som søndag gjekk vassvegen mellom Nordagutu og Notodden. I ein 8,5 meter lang vikingbåt, rodd av ti roarar, blei det frakta tjøre laga til Heddal stavkyrkje. På Notodden venta kyrkjeverja, som tok imot den dyrebare lasta.