VELKOMEN: Tone Forberg (Folkestad barnehage), Liv Fossheim (Gvarv læringsverksted barnehage), Lene Røyneberg (Læringeverkstedet Sauheradhagene naturbarnehage), Aslaug Momrak Langkås (Maurtuva barnehage Breisås), Hege Flaatin (Gullbring barnehage), Christina Slåtta Olsen (Læringsverkstedet Sandvoll) og Astrid Hegna (Bøhamna barnehage) står saman om foreldremøtet i Gullbring.
Unni Buverud
Barnehagane inviterer foreldre til stormøte om viktig tema
Barnehagane i Midt-Telemark har starta kompetansehevingsarbeid. Nå inviterer dei foreldre til stormøte i Gullbring, der trygge barn og livsmeistring er tema.
I barnehagane i Midt-Telemark og Nome har dei felles fokus på tilknytning og Trygghetssirkelen gjennom Rekomp (Regional ordning for kompetanseheving i barnehager). I samband med dette har dei fått pengar frå statsforvaltaren.