MIDT-TELEMARK: Bø skule
Bø blad, arkiv
Varslar ein kaldare kvardag i kommunale bygg
Som eit ledd i straumsparing vil Midt-Telemark kommune skru ned varmen, men det blir nokre unnatak.
Kommunalsjef i teknisk eining, Vidar Lofthus, bekrefter dette. Han seier kommunedirektør Per Dehli orienterte om saka i formannskapet, og fekk tilslutning til eit slikt tiltak. Kommunedirektøren vil nå sende ut eit notat til til skular og andre kommunale bygg med oppmoding om å sette ned varmen.