VÅPENRYKTE: I dag informerte rektor ved Gvarv skole, Tine Kvilekval, foreldra om eit rykte om våpen på skulen.
Bø blad, arkiv
Våpenrykte ved Gvarv skole: – Det var aldri ein trussel
Det har gått rykte om at nokon har hatt med seg våpen på skulen på Gvarv. Politiet seier at det ikkje har vore eit ekte våpen.
– Politiet har vore i dialog med skulen. Me har ikkje grunn til å tru at det har vore ekte våpen på skulen, men det har vore rykte om at elevar har hatt våpen, seier Rollef Bergan, seksjonsleiar ved politiet i Midt-Telemark.