SIKRA TREDJEPLASSEN: Skarphedin 3 etter laurdagens kamp på Fossum. Bak frå venstre: Vemund Haukelidsæter, Jonas Lia, Jo-Tellef Myhre, Torgeir Pedersen, Ola Vågane, Audun Gåra, Tobias Melfald, Eirik Haugen og Lukas Tietgen. Fremst frå venstre: Aleksander Lunga, Andreas Barstad, Zhiwar Manbari, Eirik Ås og Patrick Nkundimana.
Harald Skåland
Kameratlaget frå Midt-Telemark gjorde eksperten sitt tips til skamme
Skarphedin fotball sitt flaggskip i divisjonssystemet, kameratlaget i 6. divisjon, sikra tredjeplassen i sesongens siste kamp. Laget blei tippa i nedrykkstriden, men gjorde eksperttipset til skamme.
Skarphedin fotball sitt tredjelag i divisjonssystemet spela laurdag sesongens siste kamp i 6. divisjon. Laget blei av Telemarksavisa sin fotballekspert tipa ein tung sesong nedst på tabellen.