NYTT I BAKKEN: Eit av mange byggjeprosjekt i Bø sentrum. Her er det terrasse­husa i Haugerudbakken som er under utvikling. Det store bygget gjev sentrum enda ein ny siluett. FOTO: Øystein Akselberg
TIDLEG KRØKAST: Skal ein følgje med på kva som skjer i lokalsamfunnet, må ein lese lokalavisa. Ingrid Mandt Nesheim har skjønt det, og tar for seg Bø blad – lokalavis for Midt-Telemark. FOTO: Privat
MUSIKALSK AFTAN: Blindeforbundet sitt lokallag i Midt-Telemark har hatt musikar Jon Jarle Haugen frå Gvarv på besøk. Med trekkspel formidla han musikk frå lokale musikarar og melodiar frå austen og sydlegare strøk. Sterkt var det å høyre melodien til det som har blitt ein kampsang for Ukraina. Gode historier blei krydder til musikken. FOTO: Terje Weber
SKULEBESØK PÅ GARDEN: 49 spente elevar frå andre trinn på Bø skule var så heldige å få besøke garden Haugland i haust. Det blei ein spennande skuledag, der ungane fekk helse på og ha nærkontakt med både høner og grisar. Det blei òg tid til grilling og kos, og alle fekk seg caps frå Felleskjøpet. Her ser me Jarle Aleksi L. Pedersen som får halde høna Brynhild. FOTO: Privat
Bøgata sommaren 1970. Flyfoto frå Bø. Widerøe Flyselskap dreiv mykje med flyfotografering i heile Noreg på 1950-talet og fram til dei fyrste åra på 60-talet. Sel­skapet hadde over 300.000 slike bilete då dei fekk nye eigarar i 1968. I 1970 blei denne samlinga selt ut av selskapet. I dag er det Bø museum som har hand om fly­bileta med motiv frå Bø. Desse er no lagt ut på Digitalt museum.
BESØKSVENER: Nyleg hadde Telemark Røde Kors samling for 40 besøksvener frå heile regionen på Bø hotell. Her var det duka for sosial samling og fagleg påfyll. Besøkstenesta i Telemark har mange underaktivitetar i tillegg til ordinær besøks­teneste. Blant desse er våketenesta og besøksvenn med hund. Dei treng fleire besøksvenner i heile Telemark! Samlinga var arrangert av distriktskontoret v/ Brynhild Hanto og Distriktsråd Omsorg. FOTO: Telemark Røde Kors
FARGERIK HAUST PÅ BØ SKULE: Nora beundrar dei farge­rike trea i skulegarden på Bø skule. FOTO: Ingrid Nordbø
BUBILPARKERING: Parkeringsplassen ved tjønna på Jønnbu er blitt ein populær stad for bubilfolket. Biletet er frå ein sundag ettermiddag. FOTO: Øystein Akselberg
HAUSTTÅKE: Innsendaren av dette biletet synest tåka om hausten er ufatteleg vakker. Det er noko med lyset gjennom tåka. Dette er utsikta utover Gvarvelva sett frå Åsårese FOTO: Berit Bjørnerud
NORDLYS: Ein måndag i starten på oktober kunne ein oppleve nordlys i Midt-Telemark. Marie Klever Bøye har som hobby å fotografere nordlys og andre fenomen på himmelen. Ho fanga dette vakre synet med kamera heime på Sunds. På boblad.no ligg fleire nordlysbilde og timelaps som Marie har tatt. FOTO: Marie Klever Bøye.
Oterholt helselag feira 100-årsjubileum med middag på Bø hotell, underhaldning og ordførarbesøk. F.v. ordførar Siri Blichfeldt Dyrland saman med Gro Tjønnås, Marianne Lillebø, Unni Tollehaugen og Gunbjørg Myhre Haugestaul i styret. FOTO: Privat
LANGTUR TIL RØYSDALSNUTEN: 35 turglade sprekingar var med da Bø og Seljord turlag samla krefter og arrangerte tur til Lifjell sin høgaste topp på 1291 m.o.h. Turen starta på Grimås i sol og fint vér og 10 grader. Fyrste etappe opp til Grimaren (1169) er tung og bratt. Det er to kilometer med ei stigning på 420 meter. Litt vind og seks grader gjorde det litt kaldt. Turen gjekk vidare bortetter ryggen, ned og opp på baksida av Røysdalsnuten. Heimvegen gjekk ned til Store-Tjorbuvatn og jakt- og fiskehytta der. Total lengde på turen var 12.45 km og 670 høgdemeter. FOTO: Privat
VANT EL-SYKKEL: På Bilens Dag i slutten av april i år var det Sigrid Haugen (11) frå Asker som vant ein el-sykkel i Bø blad sin konkurranse. Nyleg var Sigrid sin pappa, Arild Haugen, innom Brukås for å hente sykkelen. Sigrid visste ikkje at pappa hadde tatt turen til Bø denne dagen, og Arild rekna med at gleda ville vere stor. F.v. Marius F. Lid frå Brukås, Arild Haugen og José Bakker i Bø blad. FOTO: Privat
ELVEBRUS I FARGEPRAKT: Kor enn ein har snudd seg i Midt-Telemark dei siste vekene har ein blitt møtt med kaskadar av vakre fargar. Her frå Hørteelva den 16. oktober 2022. Til venstre skimtar ein Hørte Dampfarveri. FOTO: Kristin Ødegård Vestgarden
På eit medlemsmøte i Sauherad og Nes pensjonistlag 20. oktober var Lisa Dawn Aarnes gjest. Ho er for tida leiar av Frivilligsentralen på Kjernehuset og ho fortalte om aktivitetane der. Ho tok også for seg verdiane dei eldre ber med seg og om kor viktig det er å overføra dei til dei yngre. I den utfordrande kvardagen vi no opplever kan gamal kunnskap om nøysemd og varsemd vera til stor hjelp. Likeeins det å stø kvarandre og dele på godene vi har. Trygge bumiljø og nærleik er viktige faktorar for å skapa eit godt fellesskap. Lisa Dawn Aarnes t.h. fekk takk og blomar av Berith Moen. FOTO: Privat
FEKK ALT OPPFYLT PÅ OKTOBERMARKNAD: Anna Josefine Lakinen Nordvik hadde to mål med dagen, begge gjekk i boks. FOTO: Marta Kjøllesdal

Glimt og gløtt frå kvardagslivet der du bur

Her kan du sjå litt av alt det som hende i Midt-Telemark i oktober.

Publisert Sist oppdatert

Kjære lesar!

For å fortsette må du ha eit abonnement og vere innlogga.

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS