PÅ FYLKESLISTE: Evy Beate Stykket frå Midt-Telemark står høgt på fylkeslista til Venstre.
Bø blad, arkiv
I går blei Venstre-lista presentert – Evy er med i toppen
Vestfold og Telemark Venstre hadde nominasjonsmøte for «nye» Telemark fylkesting tysdag 8. november. Da blei fylkestingslista for Telemark Venstre presentert.
I ei pressemelding frå Vestfold og Telemark Venstre melder fylkesleiar Erik Falkenstein at det har vore stor interesse rundt nominasjonsvalet til Fylkestinget i «nye» Telemark Venstre. Møtet blei halde på Hotell Høyer i Skien tysdag 8. november, og det var Torgeir Fossli som blei valt til førstekandidat på Venstre si liste til fylkestingsvalget i Telemark for 2023-2027.