TILSYN: Arbeidstilsynet skal sjekke Nav-kontor over heile landet. Nav-leiar i Midt-Telemark og Nome, Stine B. Skoland, er kanskje ein av dei som får besøk.
Øystein Akselberg
Arbeidstilsynet skal sjekke Nav-kontor over heile landet
Arbeidstilsynet skal gjennomføre tilsyn med Nav-kontor over heile landet. Eitt av temaa som blir undersøkt er korleis kontora jobbar med førebygging av vald og trugsmål.
Arbeidstilsynet vil dei komande månadane gjennomføre tilsyn i alle fylke, og i både store og små kommunar. Tilsyna vil foregå fram til sommaren 2023. Til saman vil meir enn ein tredel av dei vel 260 Nav-kontora i Noreg få tilsyn, heiter det i ei pressemelding frå tilsynet.