SKRIV OM KOMMUNEØKONOMI: Ellen Hageman frå Gvarv.
Marta Kjøllesdal
– Det er avgjerande at politikarane er i kontakt med dei som blir råka av innsparing
Midt-Telemarks kommunestyrepolitikarar må nok ein gang vedta eit budsjett der smertegrensa for kutt for lengst er passert. Overføringane frå staten strekk ikkje til. Og kommunedirektøren var innom det når han la fram budsjettet: Staten knip inn på pengebruken og dermed dei kommunale overføringane i ei tid der prisane stig. Det gjer dei i eit forsøk på å «kjøle ned» den norske økonomien og hindre ytterlegare inflasjon. Men i Raudt synst me det er ein merkeleg politisk logikk som råder i det Arbeiderparti- og Senterparti-styrte landet vårt: Som om det skulle hjelpe på å «kjøle ned» økonomien og hindre prisstigning om me i kommunen vår til dømes får færre helsefagarbeidarar på jobb dersom me samstundes får ein Burger King og vaskehall som tilset nye folk?